Musikkverk av Dietrich Buxtehude

Buxtehude-Werke-Verzeichnis (BuxWV) er katalogen og nummersystemet nytta til å identifisere komposisjonane til Dieterich Buxtehude. Den vart skapt av Georg Karstädt og publisert i midten av 1970-åra som Thematisch-Systematisches Verzeichnis der Musikalischen Werke von Dietrich Buxtehude. Den andre utgåva, publisert fleire år seinare, inneheld nokre mindre tillegg og korreksjonar. Katalogen er organisert tematisk, ikkje kronologisk, og inneheld 275 individuelle stykke. Anhang («Appendiks») legg til 13 tvilsame og falske verk.

Fjorten triosonatar (BuxWV 252–265) var dei einaste verka som vart publiserte medan Buxtehude levde. Dei vart opphavleg publiserte i to bind, dei første sju vert ofte kalla Buxtehudes opus 1 og dei andre sju opus 2.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy